fredag 29. mai 2009

Litt kjapt

...medan Bonden og Gutane hentar pizza.
Denne kjøpte eg i dag. Ei vidundelig lita skål til 39 kr som eg berre ikkje kunne gå forbi. Det er vel ikkje til å stikke under ein stol al eg er litt svak for skåler i pressglas, gjerne med lok...
Tidligare denne veka var det plantedag, også kalla gravplantedag, på Sæbø. Eg hadde selvfølgelig ikkje kamera i bilen... Dette er den store dagen då folk på Sæbø handlar sommarblomster til hus, hage og ikkje minst graver. Eg har inga grav å stelle, men nytta høve til å få med meg litt heim.
To flotte kraftige georginer, to gulgrøne og ein lys rosa prydtobakk, to kvite ampel lobelia og ein artig liten sak som eg ikkje veit namnet på, den var vinraudaktig, men blir vist blå...
Då det har regna i stride straumar sida har dei ikkje komt i krukke enno. No har sola komt, plener er klipt og plantene kjem i krukker i morgon.
Håper alle får ei nydelig Pinse!

tirsdag 26. mai 2009

Kvelds

Når det regnar ute er det ekstra godt med smak av sommar.
Så her er dagens kveldsmat
Gutane vart så glade! Dei kosa seg med frukt og Akvariet i sofaen.
Jordbær, blåbær, ananas og melon, super godt! Kesam vart litt for surt til gutane, så den var til meg ;o)

søndag 24. mai 2009

"Nye" stolar

I går var det bakedag, i dag har det vore trekk-om dag. Den kvite stolen har vi to av. Den var i utgangspunketet lakka furu, men med to strøk kvit maling, vatt, stoff og ein stiftepistol endra den drastisk utsjånad. Den andre kvite stolen, som ikkje er bilete av, får berre ei ny stolpute...
Kontorstolen min, som eg hadde på rommet mitt heime, var gått litt ut på dato...
Bordet i bakgrunnen er det fine bordet som sto i kjellaren til Svigers som eg så gjerne ville ha. YES, he he !
PS: Ho strauk sjorta mi òg. ;o)
Tove hadde akkurat eit innlegg på bloggen sin om fargevalet til "Frøken Midtimellom", rosa, rosa, rosa... Vel, slik er det her med minstemann. Grønt, grønt, grønt!
Derfor var han berre sånn halveis nøgd med den nye stolen sin, den kunne godt vore meir grøn, heilt grøn, berre grøn...
Stoffet er ei gardin som eg kjøpte på Herlighet til 50 kr, kjøpte to...
Har nokre tankar om kva eg skal bruke resten til, men det får bli ein annan dag.
Setet på min stol er trekt i eit mjukt lyst stoff frå Enzo. Stoffet til ryggputa er ei gardinprøvehøgd som eg kjøpte for 70 kr. Hurra for billig stoff!
I dag har eg også flytta alt stoffet frå vaskerommet og div andre plassar i huset til det nye rommet. Det var eit lite sorteringsarbeid, men no har eg nesten oversikta over kva eg eigentlig har. Fantastisk deilig med eit slikt rom. Det er ikkje heilt ferdig enno, men dokke skal få sjå fleire bilete der i frå ganske snart.
Nyt den siste kvelden av longhelga!

lørdag 23. mai 2009

Store bakedagen

Eg fekk eit aldri så lite bakeanfall i dag. Her er nokre av ingrediensane til dagens bakst. Egga fekk eg låne av Svigers...den store planleggaren...meg Hadde først tenkt på sveler, men så kom eg på at eg også hadde lyst å lage ei Sitronkake. Dermed vart det begge deler. Sitronkakerøre og svelesteiking.
Rakk akkurat å ta bilete av for i neste sekund var svela på hjørnet vekk... Ferdig kake og resten av svelene...ennså lenge.
Sveler vert svært sjeldan servert ved bordet her i huset. Smør, sylte og sukker på benken og "svopp" så var nesten alle vekk...
Ferdig Sitronkake. Denne er berre kjempegod! Desse svarte prikkane (valmuefrø) gjer den litt ekstra spanande.
Oppskrifta meinar eg er frå Maison Mat og Vin, men eg fann den hjå Hannas Sjarmerende Gjenbruk.
Ha ein super laurdagskveld!

fredag 22. mai 2009

På stabburet

er der mykje rart. Det er eigentlig loftet på vedahuset vårt, men vert kalla stabburet. Eit bygg, fleire bruksmål... Eg skulle "arkivere" gutane sine gamle sengar og nytta høve til å snuse litt rundt der oppe. Det brukar å løne seg og det gjorde det også i dag.
Eit par superkule gardiner. Synd at den lilla gangen min ikkje treng gardiner, ingen vindauge...
Men, det gjer ingenting for eg kjem sikkert på noko før elle sida.
Ein gamal brodert duk. Det var ein liten flekk på den, men men. Mulig at den ikkje forblir duk... Vel ,det var alt frå meg i dag. Ha ei super helg!

onsdag 20. mai 2009

Nye gardiner

Endelig! Her har det hengt raude gardiner altfor lenge, men eg nekta å henge opp gardinene eg hadde tidligare. Eg har leita og leita og til slutt ga eg opp. Tenkte at dei ville dukke opp til slutt uansett, det var i dag... Så sukkersøte at det nesten er litt kvalmt, men eg er strålande nøgd.
Ville ikkje henge opp dei nye gardinene før alt var i orden så no har eg fått vaska til "helga" og gardinene er som du ser komt på plass.
Til kvelds laga eg gode skiver til meg og Bonden. Skive med pesto, soltørka tomat, ost, løk og pepperoni (var tom for oliven) med tomatsalat. Nam!
BoligPluss kom i posten i dag. Eg nekta meg sjøl å kikke i det før eg var ferdig med det eg skulle i dag. Sjøl om Bonden har funne køya, kan eg ikkje vente til i morgon så straks dette innlegget er posta får eg løn for arbeidet... (max 2 min)
Ha ein flott Kristihimmelfart!

lørdag 16. mai 2009

Blomstertid

Gjekk innom ein blomsterbutikk og enda opp med nokre herligheiter. Eg er ingen stor Fuksia tilhengar, men denne greidde eg rett å slett ikkje å gå forbi. Georginer derimot er eg veldig glad i, og lysrosa...hurra! Kjøpte to av dei også. Litt små, men reknar med at dei veks seg til, håper berre pottene held...
Men det eg eigentlig såg etter var desse.
Pelargoniaen Dronning Ingrid, ein nydelig sak!
Kjøpte to og dei skal få pryde leveggen over benken. Eg satsar på ein nydelig sommar så eg får nyte og pleie desse herligheitene.
Då er vi snart klare for pizza og MGP.
Heia Alexander!
Ha ein fortryllande kveld og ein super 17. mai!
Hurra!!!!

torsdag 14. mai 2009

Amokk på KiD

Eg likte så godt den siste brosjyra til KiD at eg heiv meg rundt å kjøyrde til Ulsteinvik i ettermiddag. (Var også innom Krukkehuset og Farmors krambud altså) Det var lurt, dei skulle ha 40% på heile butikken frå 17-19. Eg hadde då ikkje tenkt å vere der ute så lenge, men kunne ikkje la det gå ifrå meg så change in plans.

Kjempenøgd med dagens handel! Magasinhaldaren har allerede fått besøk av det siste ROM 123 som kom i posten i dag. Blomsterpotter, parafinlamar, sitteputer, dukar + litt til...

Bilete frå terrassa etter at eg har fått ordna noko av det eg kjøpte i dag.
Dei Spanske Margerittane mine hadde altfor små potter å trivdes ikkje. No har dei fått større potter og godt med skikkelig gjødsel. (Skikkelig gjødsel: gå å hente møkk bak ei ku å blande det med mykje vatn. Superstoff!)
Så no håpar eg dei blir store og flotte!
Om du ser at terrassa mi er dekt av kvite små prikkar er det fordi Bonden meinte at plenen trengte litt kunstgjødsel. Greit nok... Traktor og kunstgjødselspreidar!?! Plen, blomsterbedd, krukker, kasser...og terrasse har no fått rikelige mengder kunstgjødsel. Ja, ja, då treng eg ikkje tenke meir på det.
Då skal eg kose meg med siste utgåve av ROM 123 medan Gutane ser på MGP.
Heia Alexander!
Kos dokke i kveld!

Skrivepult før og etter

Då var enda eit lite målingsprosjekt ferdig. Slik såg den ut før, ein rimelig IKEA sak som er akkurat passe stor og tenar godt til formålet sitt.
Guten på 6 år synest den var grei, men den kunne godt vore grøn. Han elskar grønt og alt han vil ha skal vere grønt... vel vel...

Med Lady 40, S 0502-Y og eit par lakkboksar frå Mekk ser den slik ut i dag.

Det gjekk jammen fort med vanntynna måling! 3 strøk på ein dag, luksus!
(Men fann fort ut at eg ikkje kan vente med fordrivinga til slutt...) Hermetikkboksar til blyantar og div har òg fått ein omgong med sprayboksa. Signaturen min forsvann...

Anyhow, håper alle får ein super og solfylt dag!

Helsing Tonje

onsdag 13. mai 2009

Ny dag...

Vil berre ynskje alle ein super dag med bilete av desse nydelige Spanske Margerittane frå tråppa mi.

Då dreg eg avgarde for å hente ny måling (!), muligens ein liten tur innom eit hagesenter og kanskje huke einkvan til å få gått ein tur i finevèret. Ha ein fantastisk dag!

tirsdag 12. mai 2009

ARRRG!

Så irritert ein kan bli! Her hadde eg rigga meg til, tatt før bilete å alt...

Men kva skjer når eg opnar boksa med maling...ikkje skikkelig blanda...? Jauda, heilt perfekt blanda, men det er gult! Eller lys gul da... rettare sagt S 0520-Y!!!!!! Tastefeil! Eg skulle ha kvit! (S 0502-Y)

Vel vel, alle kan gjere feil, sjøl Bonden... he he. Han er då sjølsagt altfor oppteken med bondesyslane sine til å kjøyre til ByggMix å blande meg ny måling... "Finn på noko anna da"

Ok, vi bloggar ut frustrasjonen og er likeblid etterpå.

Lite måling på meg i kveld, spørs om eg skal gå å fri til svigermor om det fine gamle bordet ho har i kjellaren eg har så lyst på... Og om ho kan stryke bunadskjorta mi... ;o)

Ha ein fin tirsdagskveld!