mandag 26. oktober 2009

Strykebrettet mitt

Neida, eg har ikkje gått i hi, med dagane går så forferdelig fort...

Strykebrettet mitt hadde ein forferdelig grøn farge. 
Eg har brukt eit av favoritt stoffa mine, det er ei prøvelengde eg betalte 70 kr!
 
Eg var så ivrig med å begynne at eg gløymte å ta før-bilete. Då stoffet var så mørkt måtte eg trekke det med eit kvitt stoff først. Eg har tidligare brukt det på ryggen på stolen min. Brukt med andakt og på ting som varer varer denne to-metringen lenge ;o)

Kroken min på hobby/gjeste/jenterommet.
Skal kome attende med fleire bilete her i frå etterkvart.

Då skal eg få med meg 71 grader nord som i dag er frå min heimstad, Sæbø!
Ha ein kos mandagskveld!

mandag 12. oktober 2009

Haustferie

Som tidligare nemnt tok vi ein tur til Bergen i haustferien for å besøke Tante Kristina og Onkel John-Olav. Dei har kjøpt seg nytt hus sidan sist vi var på besøk så det måtte sjekkast ut.

Når vi frå bygda reiser til slike urbane strøk må vi sjekke ut diverse shoppingsenter og butikkar... Den eine butikken som er obligatorisk for meg er Stoff og Stil. Eg unte meg sjøl å ikkje spare så mykje så i tillegg til div stoff kjøpte eg også bokstavstempel, sjablongar, div strykemerker og tråd.

Kan muligens ane nokre av fargane på stoffa eg kjøpte...


Snart jul...

Home and Cottage var ein fantastisk butikk!

 Tusenlappane kunne såtte laust om eg hadde råd til det ;o) Dei var litt mellom sesongane, men noko greidde eg å kjøpe. Slike suppekoppar har eg ynskja meg lenge! Dei hadde òg med raude stjerner, trur eg må ha dei òg -til jul.  Kaffikanne-varmaren gledar eg meg til å sette fram til jul. Var òg ein tur innom Farmors Hus, men då hadde gutane våre veldig flinke veldig lenge så det vart ikkje handling der...denne gongen ;o)
Lysa kjøpte eg på ein anna butikk, dei er til lysestakane til Ane Marie.

Eikelandsosen
Laurdag tok vi turen til Eikelandsosen, heimstaden til Onkel John-Olav. Og jammen greidde eg ikkje å få spent av nokre kroner der også. På Fjord`n Senter ligg ein vakker butikk som heiter noko så enkelt som Velkommen.

Ho hadde godt utval i GreenGate. Muffinsformer og bakepapir som fint kan brukast til innpakning. Teen, Bestemors frukthave, fekk eg som smaksprøve. Kjempegod! Tusen takk!


Dette julepapiret fekk eg kjøpe ein liten rull av. Super koselig!
Ho hadde ellers masse fint, definitivt ein butikk eg skal tilbake til! Link til butikk-bloggen ligg til venstre på sida.

Systra mi si svigermor inviterte på risengrynsgraut og etterpå tok vi turen ned i fjøra til naustet deira.
For ein idyllisk stad!

Terje hadde laga til ei sen med ein stor sluk så han festa blåskjel på så ungane la på botnen og fekk fore småfisken. Kjempespennande! Sølve fikk ein fisk, men den datt av då han skulle ha den på land.


Bål og pølser.
 
Sølve sit under kaia og kosar seg med pølse.

Båttur

Terje hadde sett ut snik tidligare på dag, men dei fekk desverre ingenting. Veit eigentlig ikkje om det gjorde så mykje for ungane storkosa seg på båttur.Gutane hadde ein fantastisk dag og ville ikke attende til byen. Vi vart heldigvis ynskja velkomen tilbake seinare og den innbydinga vil vi halde på ;o)


søndag 4. oktober 2009

Loppemarknad

I helga var det loppemarknad på Bedehuset på Sæbø. Vi var der begge dagane. Om ikkje for handle så mykje (yeah right...) så for å vere sosial og gå på kafè i Bedehuskjellaren. Masse kjentfolk!

Ane Marie, 5år, fikk òg handla litt. Dette kjøpte ho for 10 kr.

Då vi kom heim å skulle plassere tinga ho hadde kjøpt på nattbordet henna snakka eg om at lampefoten til lampa på nattbordet var for gul og at eg ville spraye den kvit.
Då vart ho tankefull..." Kan vi ikkje spraye desse også?" spør ho å peikar på messinglysestakane ho kjøpte. "Kvite?" svara eg undrande. "Ja...eller rosa?" Eg ler litt for meg sjøl og lurer på om ho verkeleg vil dette. Jauda, ho er heilt sikker. Eg går å finn fram dei to ulike rosafargane eg har i spray og ho vel. Eg spør ein gong til for å vere heilt sikker "vi kan ikkje få dei tilbake i gullfarge etterpå". Neida, alt i orden, ho vil ha det slik.
Resultatet ser du her, og jenta er strålande nøgd!

Tykjer dei vart fine eg, passa til duken ;o)
(Eg har desverre ikkje små lys akkurat no)

Det vart (vist) litt andling på meg òg, her er noko av det eg kjøpte.

Ei melkeflalske og (igjenn) ei lita skål.
(Lysestaken kjøpte eg ikkje i dag)
Denne har tre føter og det har eg ikkje frå før så då måtte eg berre ha den. ;o)

Ei lita hylle, den er no iferd med å bli kvit.
Og eit søtt lite serveringsfat med haustmotiv

Betalt litt under 100 kr for alt.
 
Kjøpte litt til, men det vart ikkje med på bilde. Ein av tinga skal eg vise seinare når eg har fått orientert meg litt ;o)

Då er vi straks klar for ei ny arbeidsveke. Då det er haustferie blir mi veke særs kort. På onsdag reiser eg og dei to minste gutane til Bergen for å besøke systra mi og mannen henna. Vi gladar oss stort til å sjå det nye huset deira og selvfølgelig å sjå dei også.

Tips til butikkar som er vel verdt eit besøk takast imot med stor takk!
Stoff og Stil, Gullgruven og muligens Ikea er allereide ført opp på lista.

Ynskjer alle ei flott veke!

Sopptur

Tidligare i dag fekk eg med meg resten av gjengen ein tur opp i skogen bak huset. Dei trudde vi berre skulle på tur, men eg hadde litt andre planar...

Knut Inge og gutane vart fort leide og gjekk ei runde medan eg og jentene plukka sopp.

Ca 2 kg Traktkantarell.
 Ane Marie i full gong med rensking.
Medan eg og Ane Marie forvella soppen øver Katrine på å lære seg å hekle

Litt knoting, men øving gjer meister.

Etter forvelling hadde vi att 800 gr sopp som no er komne i frysaren. Vi plukka på langt nær tomt. Det er faktisk så mykje sopp at vi kan unne oss luksusen av å berre plukke dei største....


fredag 2. oktober 2009

Kveldskos

Katrine var i bakemodus då ho kom på helgabesøk i dag.
Dermed vart det ho som sto for dagen kvelskos.
Vi leita opp ei høvelig oppskrift og med litt hjelp diska ho opp med supergode sjokoladekjeks. Kjeksglaset på kjøkkenet har vi òg fått fylt opp så det vert ikkje tom i dag, men morgondagen kan eg ikkje garantere for ;o) Oppskrifta finn du her.

No skal vi kose oss med sjokoladekjeks, pærebrus og siste del av Z-Faktor!
I morgon skal tre avgarde på handballskule, eg og Ane-Marie skal til Sæbø på loppemarknad :o)

Ha ei fortreffelig helg!

torsdag 1. oktober 2009

Eg vann

 Facebook-gruppa til BoligPluss hadde ein konkurranse der dei eksisterande medlemane skulle verve nye medlemar til gruppa. 10 heldige vinnarar skulle få ein slik: 

Kul sak.
Og eg eg vann! 
Snart dumpar den ned i postkassa mi og dermed, ingen fleire sure tvåger her i huset...I wish...

Då er vi starta på oktober månad og første snøen dala her i går, men heldigvis ikkje nok til at det la seg på markane. Litt tidleg meinar no eg, men heller snø og kaldt enn dette regnværet som aldri ser ut til å ta ein ende.
Ha ein super torsdag alle saman, det er snart helg!