søndag 25. november 2012

Cupcakes til julemessa

Eit stor fat julepynta cupcakes til Julemessa på Bedehuset.
Vaniljecupcakes med vaniljekrem fyll og jordbær mousse, lokk i kvit marsipan og pynt i marsipan. Kanongode!

torsdag 22. november 2012

John Deere cupcakes

2 dagar på etterskot feira Minstemann 10 år.
HURRA FOR SØLVE!
Tenk no kan du aldri meir bruke berre eit tal når du skal skrive kor gammal du er sa eg litt vemodig... Eg fekk berre ei lurt smil tilbake og ein bekreftelse på at det skulle gå heilt fint. Skjønningen min 

Her er det John Deere for alle penga...
Party-set bestilt på Ebay, fat, koppar, serviettar og duk. 
Stor suksess!
Oreo cakepops men grøn Candy-melt fordufta på null komma svisj!
Gul stjerneforma Rice Krispie treat med litt grøn Candy-melt forsvann nesten like fort... 
farlig godt i følge Bonden ;) 
Måtte blande litt for å finne rette gulfargen, men trur eg traff. Formene skal liksom vere kamo-mønster, men det viser ikkje så godt. Picks kjøpt på Ebay.

søndag 11. november 2012

Dåpskake til Jacob

Mykje kakebaking for tida, går greit det... ;) 
På syrommet er det forøvrig HEILT stilt for tida, trur eg sydde meg tom før haustmessene. Satsar på at det tek seg oppatt for 25. november er det ny messe på Bedehuset på Sæbø, men litt fri må det vel vere lov å ta...
 Mandelbotn og vaniljekake fylt med jordbær, jordbærkrem og romkrem
Pynt i marsipan og fondant, trekk i marsipan.
Håper dokke hadde ein fantastisk dag og at kaka smakte :)