søndag 24. februar 2013

Vinglas med litt humor

Eg elskar å gi gåver, likar sjølvsagt å få gåver også, men det gjer meg lykkelig å gi ei gåve til nokon som set pris på det og om det kan kome som stor overrasking vert eg endå gladare. 

Ei god venninne hadde bursdag og ingen hadde planlagt noko spes, når ein liksom har blitt (litt) vaksen er det ikkje same susen over bursdagane lenger. Så eg og Lisbeth troppa opp på døra (tenk å ikkje ringe på førehand ein gong...i desse mobiltider)
SURPRISE! 

Vi hadde sjølvsagt med ei lita gåve, made by me
Om du har lyst på eit slikt glas eller ønsker å gi eit glas i gåve el er det berre å gi ein liten lyd så fiksar vi det ;)